Det er montert ein reduksjonsventil på vassleidninga til nordre flytebryggje. Han står under kaia før forgreininga til utedusjen til Brandal Velforeining. Trykket ut frå ventilen er redusert til 4,5 Bar.
Høyringsfristen var 15. mai 2022
Saka var ute til 2. gongs høyring med svarfrist 8. september 2023.
Alle medlemmer har fått tildsendt høyringsdokumenta på e-post.
URAVIKJA var med i den opphavelege planen, men denne lokaliteten er fjerna i den reviderte planen.
Båtlaget har montert 10 redningsstigar i nordre hamn og 4 redningsstigar i søndre hamn. Stigane vart leverte av det lokale firmaet Arbos AS på Vartdal.
Kvar stige dekkjer 5 båtplassar, og det er tau to båtplassar ut til kvar side av stigen. På dette viset kan ein hale seg langs tauet til næraste stige. Fint spesielt for dei som ikkje kan symje.
Stigane ligg til vanleg horisontalt og vert vippa ned når ein skal opp av sjøen. På dette viset unngår ein at det dannar seg groe på stigane.
Meir informasjon om stigane finn vi på Arbos AS sine heimesider.
Monteringsarbeidet kan du sjå her.
Alle bryggjeplassane i nordre hamn er merka med nummer.
Båtlaget har aldri hatt bruk for avfallsordning. Alle som brukar opptrekket, tek med seg brukte malingsboksar og liknande.
Teiner og garn skal ikkje liggje på flytebryggjene.
Jamfør §8 i Vedtekter for flytebryggjer.
Du kan dra kartet og zoome ut og inn. Klikk der du ynskjer å sjå vindstyrken og vindretninga. Brandal har posisjon 62,4°N 6,0°A.
Sommaren 2015 sette vi inn ny ytterdør i Rorbua, og det vart skifta bordkledning og ein del rote reisverk. Bygget vart måla.
Vi har sett inn den gamle låssylinderen i den nye døra slik at alle som har gammal nøkkel, framleis har tilgang.
Medlemmer som ynskjer å få laga seg ein nøkkel til Rorbua, får låne original hjå sekretær. Bygger'n på Hareid kopierer nøklar.
Båtlaget brukar fryseriet til tauverk og anna utstyr. I 2010 la vi nytt tak på bygget.
Vi sette inn ny ytterdør i 2014.
Der er ikkje innlagt elektrisk straum i bygget.
Nøkkel heng i gangen på Rorbua.
Torsdag 28. juni 2018 i 11-tida om føremiddagen låg ei kvalross på land ved Lisetvòren i Brandal før ho gleid ut i sjøen og symde roleg bortover og utover mot Kvitneset. Vi sat i stova i 2. etasje hjå Sigurd og Tone. Martin Gjerde frå Tomrefjorden såg henne ei god stund men trudde først det var ein merkeleg stein. Først då ho gleid mot sjøen, skjøna han at det var eit stort dyr. Vi såg tydeleg hovudet med støyttennene gjennom kikkertane.
Martin kunne fortelje at det nettopp er observert kvalross frå båt i Tomrefjorden. Vestlandsnytt melder også om kvalross i Herøy.