Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Nye bryggjer 2013

Dei nye flytebryggjene i nordre hamn vart slepte inn i hamna 12. april 2013. I dagane etterpå vart det jobba med å montere bryggjene. Her er nokre bilete frå dette.

 

Slepet er i gong. Peter Josvald fører taubåten.

Fine slepeforhold.

Nærmar seg mologapet. Odd Arild held kontrollen i båten akterut. Kjell Arne patruljerer.

Tore kontrollerer klaringa til moloen.

Roleg sjø.

Odd Arild har reist seg for å få oversikt.

Tore og Kjell Arne siglar inn mologapet med trygg klaring.

Staga skal på plass. Odd Gunnar og Kristoffer på flòten, Kjell Arne, Peter Josvald, Svenn Jørgen og Kåre på land.

Bjørn og Odd Arild har gått ned i kneståande.

Med god hjelp går arbeidet unna.

Heilt enkelt er det likevel ikkje.

Det er ti stag som skal på plass.

Bra med mykje skipperkompetanse i trange farvatn...Sigvald ved årane og Odd Arild i baugen.

Odd Gunnar og Kristoffer på flòten, Kåre og Kjell Arne ved molofestet, Peter Josvald, Arve og Johan Peter ved traktoren.

Svenn Jørgen og Tore avventar situasjonen.

Dei siste staga står for tur.

Legg merke til teknikken til Tore. Her gjer han seg så tung han kan :-)


Valid XHTML 1.0 Transitional