Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 


Formannskapsmøte 9. mai 2016

Formannskapet gjorde følgjande vedtak i PS 60/16 og PS 61/16:

"3. Jamfør PBL § 13-1 vert det lagt ned midlertidig forbod mot tiltak i alle NFFFAområde
og NFFF1-område i gjeldande arealdel i kommuneplanen
(eigengodkjend 21.06.2012) inntil ny arealdel er eigengodkjend av
Kommunestyret i løpet av 2017."

Dette tyder at det ikkje kan etablerast noko oppdrettsverksemd medan vi ventar på ny kommuneplan. Dette skuldast arbeidet Bernt Brandal har lagt ned i denne saka. Det var Bernt som gjorde administrasjonen merksam på at § 13-1 kunne brukast.

Saksutgreiinga er her.

Saksframlegget for oversendingsframlegget frå Bernt Brandal er her.

No gjeld det å sikre fleirtal ved den endelege rulleringa i kommunestyret i 2017.

Kommunestyremøte 28. april 2016

Her la ordføraren svaret til Brandal Båtlag fram som referatsak. Bernt Brandal prøvde å få kommunestyret til å endre det til politisk sak. Høgre med Anders Riise og Ottar Røyset kjempa aktivt mot dette, og framlegget frå Bernt Brandal fall mot 8 røyster - røystene til Folkelista, Annika Brandal, Truls Røyset Håbakk og Jens Peder Brandal. Stian Runne Brandal røysta mot framlegget frå Bernt!

Men Bernt var budd på dette og fekk vedteke følgjande oversendingsframlegg til formannskapet:

"I samsvar med vedtak i PS 49/15 skal området i sjøen utanfor Brandal endrast frå NFFFA til NFFF område. Då rullering av kommuneplanen sin arealdel allereie er vedteken blir den formelle endringa gjort i tilknyting til denne. Vi ber derfor om at formannskapet får utgreidd sak om å avvise søknadar om havbruk i påvente av rulleringa. (jmf pbl §13.1)"

Med eit vedtak i FSK om å innføre midlertidig forbod, unngår ein ekstrakostnadane med to parallelle prosessar og sikrar at intensjonen i vedtak i PS 49/15 blir oppfylt. Frida Farstad Brevik (FM i MR) seier at vi trygt kan bruke § 13.1 i denne saka. Det er ikkje formkrav, men nok at ein har bestemt seg for å rullere planen.

Svarbrev frå Anders Riise dagsett 11.04.2016

Ut frå svaret til ordføraren, kan vi slå fast at ordførar og administrasjon ser på det vedtekne framlegget og det forkasta framlegget i PS49/15 som like. For oss andre er dette udemokratisk politisk maktmisbruk.

Les brevet vårt dagsett 29. mars 2016 til Hareid kommune her.

Her er svaret frå Hareid kommune dagsett 30. mars 2016:

"Svar frå Hareid kommune på brev frå Sigurd Eliassen:

Rådmannen orienterte kommunestyret den 17.03.16 slik: Håper at dette skal vere klargjerande i høve vedtak og oppfølging av vedtak frå Hareid kommune si side.

1. Administrasjonen har lagt fram sak om rullering av kommuneplanen sin arealdel i formannskapet den 07.03.2016. Jamfør formannskapet sitt vedtak i PS 25/16 - Rullering av kommuneplanen sin arealdel - Oppstart og prosess. Vedtaket var samrøystes.

2. Av vedteken aktivitet og framdriftsplan ser ein at det vert lagt opp til handsaming av planprogrammet i formannskapet den 09.05.2016. Vedtaket i PS 49/15 og problemstillinga kring endring av NFFFA-sjøområdet i Brandal vil verte omtala og vurdert der.

3. På bakgrunn av prosjektet marine grunnkart, har Formannskapet vedteke å få utarbeid Marin Næringsplan. Denne planen vil gje eit godt grunnlag inn i rulleringa av kommuneplanen sin arealdel, med tanke på å vurdere framtidige lokalitetar for sjøretta næring.

4. Vedtaket i PS 49/15 vil verte formidla til konsesjonsgjevande mynde.

Mvh
Kai-Rune Bjørke - Leiar
www.hareid.kommune.no"

Svaret frå Hareid kommune som pdf.

Skuldar administrasjonen for å sabotere vedtak. Oppslag i Vikebladet/Vestposten 31. mars 2016

I dei tre første punkta stadfestar administrasjonen i Hareid kommune at dei medvite saboterer vedtaket i PS 49/15, og at dei arbeider i samsvar med det nedstemde saksframlegget frå rådmannen - og som fall med 16 mot 4 røyster.

Punkt 4 har ingen verdi. Konsesjonsgjevande mynde bryr seg naturlegvis berre om gjeldane planverk. Vi kan heller ikkje sjå at formidlinga er gjort.

Punktet er naturlegvis teke med berre for å prøve å villeie alle som kjempar for omreguleringa. Kanskje administrasjonen først får tid til å gjere dette i 4. kvartal 2030? 9 månader var i alle høve altfor kort tid for den prøvde etaten. I Hareid tek ei enkel omreguleringssak lenger tid enn eit svangerskap!

Brandal Båtlag sende 30. mars 2016 brev til ordførar Anders Riise der vi kommenterer bortforklaringane frå administrasjonen. Vidare krev vi at han set vedtaket i PS 49/15 ut i livet straks. Brevet ligg her.

Alle veit at ei generell rullering av ein kommuneplan tek lang tid. Endeleg vedtak vil truleg tidlegast kunne skje i 2018. Med det tempoet administrasjonen i Hareid kommune arbeider, tippar vi det ikkje vil skje før i 2019. Dette er grunnen til at iverksetting av vedtaket i PS 49/15 er så viktig. Det vert ikkje ro i saka før området er sikra som NFFF-område.

Båtlaget er ikkje nøgde. Oppslag i Vikebladet/Vestposten 2. april 2014

I oppslaget i avisa ser vi at ordførar Riise er ute av stand til å uttale seg sjølv om han har hatt to dagar på summe seg. Det er ikkje tillitvekkjande.

Vedtak om rullering av NFFFA-området i kommuneplanen

Kommunestyret 18.06.2015:

Vedtaket er slik:

"Hareid kommunestyre vedtek å rullere arealdelen av kommuneplanen i det aktuelle området, med tanke på å endre frå NFFFA-område til NFFF-område.
Administrasjonen legg fram sak om rullering av NFFFA-arealet i løpet av 1 kvartal 2016."

Sakspapira kan du lese her.

Protokollen kan du lese her.

Formannskapet 08.06.2015:

Vedtaket er slik:

"Hareid formannskap vedtek å rullere arealdelen av kommuneplanen i det aktuelle området, med tanke på å endre frå NFFFA-område til NFFF-område. "

Sakspapira kan du lese her.

Protokollen kan du lese her.

Krav om omregulering mellom Brandal sentrum og Karlhaugen frå NFFFA til NFFF

Brev frå Brandal Velforeining med årsmøtevedtak 29. april 2015

Brev frå Brandal Idrettslag til kommunen med årsmøtevedtak 14. april 2015

Brev frå Brandal Båtlag til kommunen med årsmøtevedtak 13. april 2015

SalMar-avslaget frå Fylkesmannen 02.02.15

Svar frå Hareid kommune 28.11.14

Brev frå oppsitjarar, båtlag og fiskarlag 2.11.2014

Svar frå Hareid kommune 09.04.2014

Brev med krav om omregulering i 10. februar 2014

Valid XHTML 1.0 Transitional