Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Båtopptrekk

Båtopptrekket er gratis å bruke for medlemmene i laget.

Andre kan avtale slippsetting mot betaling. Ved bruk av vinsj/vogn kostar det 250 kr.

Bruk av båtopptrekket med eiga vogn for sjøsetting eller ilandsetting er gratis for alle og treng ikkje avtalast på førehand. Føresetnad er at dette ikkje kjem i konflikt med normal slippsetting.

båtopptrekk

Bruk av opptrekket med vogn/vinsj skal etter styrevedtak avtalast med Sigurd Eliassen - mobil 988 92166. Dette er viktig slik at vi unngår at nokon set opp båten på eit tidspunkt ein annan har avtale. Den som har avtale, har førsterett.

Båtvogn

Båtvogna er renovert i mai 2015. Ho er for1sterka og utbetra teknisk hjå Hareid Skipsservice AS. Vidare er ho sandblåst, metallisert og lakkert ved Wigo AS i Liavågen. Ved nasehjulet er det laga betre styrearm. Venstre hjul har fått nytt dekk, og begge hjula har nye slangar. Som vi ser av biletet, er det også montert nytt treverk som båtane skal stå på. Venstre navkopp er reparert og er tett.

Vogna er på plass og klar til bruk.

båtvogn

Vi har kjøpt inn feittpresse og molybdendisulfidfeitt for bruk på smøreniplane på vogna. Feittpressa ligg på lageret i Rorbua.

Vi vil be om at alle som brukar vogna, spyler henne med ferskvatn etter bruk og presse inn feitt i smøreniplane på hjula.

Ved bruk av vinsja må alle passe på vaieren slik at han ikkje spoler av og vert skada.

Vaieren til båtopptrekket vart skifta 27. mai 2017. Han er 2 m lenger enn den gamle, men han burde nok ha vore nokre meter til. For dei som må ha båtvogna ekstra langt ut, ligg der no ei heilt ny fiberstropp i lagerrommet på Rorbua. Ho er svært sterk, er 6 meter lang og kan festast i enden av vaieren.

Hareid Skipsservice A/S ved Ståle Sætre sveisa på vaierstyringar på kvar side av vaiertrommelen 18.5.2017. Dermed vonar vi at dette vil hindre at vaieren vert skada ved å hoppe av eller bli karva mot tannhjulet mot nord. Vi bør likevel passe godt på kva som skjer med vaieren ved all bruk av vinsja.

Frekvensomformar

Vinsja har frekvensomformar montert ved sida av sikringsskapet. Han verkar slik at vinsja aukar farten frå null til full fart i løpet av 20-30 sekund - men med full trekkraft heile tida.

Brukarrettleiinga til vinsja er limt på utsida av sikringsskapet i Rorbua.

Brytarpanel med kabel

Brytarpanelet og kabelen til vinsja heng i Rorbua på veggen sørover og skal alltid plasserast der etter bruk.

Sikring til vinsj og frekvensomformar

Automatsikringane til opptrekket er i sikringsskapet i Rorbua og skal av tryggleiksgrunnar alltid slåast ut etter bruk. Det er trefasesikringane på kurs 2.

Nøkkel til vinsjhus/kjellar

nøkkel

Nøkkelen til hengelåsa på vinsjhuset/kjellaren heng ved sida av døra til salongen inne i Rorbua.

Der heng også nøkkel til Fryseriet.

Straumkontakt ved opptrekket

kontakt

Der er straumkontakt i kjellaren i Rorbua til venstre for luka.

Vassuttak

vatn

Det er vassuttak ved sida av luka til kjellaren i Rorbua. Slangetrommel er montert ved sidan av krana utvendig.

Stige

Ny stige i aluminium 3 m lang ligg i kjellaren.


Valid XHTML 1.0 Transitional