Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Redningsstigar

Dei raude handtaka til redningsstigane skal ALDRI brukast til fortøyning - uansett kor liten båten er! Det kan føre til drukning, og handtaka er ikkje dimensjonerte for fortøyning.

Her ser vi den første redningsstigen montert like ved landgangen på nordre hamn. Redningstau er montert seinare.

Meir informasjon om stigane finn du på Arbos AS sine heimesider.

Her er arbeidet i gong 27.8.2018

Arne Boska kom i båt frå Vartdal og leverte stigane med alt tilbehør. Han var her i fleire timar og synte oss korleis vi skulle montere dei. Fantastisk service!

Leverandør Arne Boska med skipperhue, Peter Andreas Brandal med bòremaskina og Sigvald Brandal på arbeidsflòten.

Her ser vi karane frå ein annan vinkel.

Håkon Rolfsrud held flòten på plass medan Sigvald Brandal brukar gjengetapp.

Arbeidet heldt fram 28.8.2018 og 29.8.2018

Alle redningsstigane og handtaka på søndre bryggje vart monterte. Tau kjem etter kvart.

Kjell Arne Utgård og Sigvald Brandal monterer handtak til redningsstigane medan Håkon Rolfsrud arbeider med å spleise tau i bakgrunnen.

Her er det første redningstauet på plass. Det er gult, fletta tau og går frå enden av bryggja og bort til redningsstigen til høgre for "grøneauma" - den grøne færingen. Det vil verte slike tau mellom alle stigane når vi vert ferdige.

 

Slik ser handtaka ut på nært hald - redningsstigen er rett bak. Dei skal ALDRI brukast til fortøyningar.


Redningsstigane på færingplassane på nordre bryggje


Redningsstigane på søndre bryggje

 


Redningstaua

Taua er gule, går langs bryggja og endar nær ein stige. Alle taua på nordre og søndre bryggje er monterte.

Ramlar du på sjøen, grip tak i tauet og hal deg til næraste redningsstige!

 

 


Valid XHTML 1.0 Transitional