Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 


SalMar Organic - rasering av fiskeplassar i Brandal

Brandal Båtlag sende merknad til Hareid kommune vedkomande SalMar Organic AS sin dispensasjonssøknad frå kommuneplanen i Hareid. Eventuell utbygging av eit så stort oppdrettsanlegg vil øydelegge alt fiske mellom Brandal hamn og Klombraodden - ei strekning på omlag 2 km.

SalMar oppfatta at det er stor motstand mot monsteranlegget deira og prøvde seg med ein justert søknad der hovudendringa var at festa mot nord vart flytta litt lenger frå land. Dette endra ikkje realitetane i søknaden. Skadene for fiskeinteressene er like store med den nye justeringa. Båtlaget sende omtrent likelydande merknad til den justerte søknaden.

Formannskapet sa nei til SalMar - siger til folkemeininga!

Formannskapet i Hareid røysta måndag 7. april 2014 for rådmannen si tilråding om å seie nei til dispensasjonssøknaden frå SalMar om akvakulturanlegg i Brandal. Røystetala vart 6-1, altså ein solid heimesiger! Berre ordførar Anders Riise røysta mot. Haldninga hans til akvakultur nær eigen eigedom kan du lese i denne artikkelen.

Brandal Båtlag vil takke alle som har kjempa mot planane og sikra sigeren!

Sjå reportasje i Vikebladet. Les også reaksjonane frå nokre tilhøyrarar.

Formannskapet i Hareid ga SalMar avslag på klage!

Tysdag 10. juni 2014 røysta formannskapet i Hareid ned klaga frå SalMar med same røystetal som sist, 6-1.

No går klaga automatisk til fylkesmannen. Dersom han finn feil i sakshandsaminga, vil saka gå attende til kommunen for ny handsaming.

Artikkel i Vikebladet her.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal avviste klagen frå SalMar Organic

I postjournalen til Hareid kommune med dokumentdato 02.02.2015 og journaldato 06.02.2015 er der brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal der klagen vert avvist. Fylkesmannen slår fast at kommunen si handsaming er korrekt.

Avslaget frå Fylkesmannen kan du laste ned her.

Nei til oppdrettsanlegg i Brandal på Facebook

Presseoppslag:

Massedød av laks hos Salmar- Addressavisen 29.2.2016

Haggardsneset tilbaketrekt Vikebladet/Vestposten  22.10.2015 

Hareid formannskap: Avviste Salmar-klagen Vikebladet/Vestposten 11.06.2014

Håper formannskapet ikkje gir etter Vikebladet/Vestposten 08.06.2014

Lokkar med pengar Vikebladet/Vestposten 07.06.2014

Bekymra etter nei til oppdrettsanlegg Sunnmørsposten10.04.2014

Takka fleirtalet Vikebladet/Vestposten 07.04.2014

Vil stoppe Salmar-planane i Brandal Vikebladet/Vestposten 04.04.2014

Vil stoppe Salmar-planer Sunnmørsposten 04.04.2014

Bygdefolket rasande over planane om oppdrettsanlegg NRK 13.03.2014

Full oppstandelse på Brandalsmøte nærnett.no 13.03.2014

Protest mot oppdrettsanlegg i Brandal Sunnmørsposten 13.03.2014

Kraftig motbør i Brandal Vikebladet/Vestposten 13.03.2014

Kjemper mot lakseanlegg i Brandal Nærnett.no 13.03.2014

Har endra tidspunkt for akvakulturmøtet Vikebladet/Vestposten 11.03.2014

La folkemøte om laksestrid i arbeidstida Sunnmørsposten 11.03.2014

Skandaløs innkalling Vikebladet/Vestposten 10.03.2014

Ope møte om oppdrett i Brandal Vikebladet/Vestposten 10.03.2014

Vurderer klage til kontrollutvalet Vikebladet/Vestposten 24.02.2014

Opprop mot oppdrett Vikebladet/Vestposten 24.02.2014

212 nye underskrifter mot Salmar Vikebladet/Vestposten 25.11.2013

Dette er gammal vin i ny flaske Vikebladet/Vestposten 22.11.2013

Berre kosmetikk Vikebladet/Vestposten 30.10.2013

Salmar reduserer i Brandal Vikebladet/Vestposten 24.10.2013

Frå torsk til laks ved Haggardsneset Vikebladet/Vestposten 07.09.2013

Nei til lakseoppdrett i Brandal Finn-Sindre Eliassen i Vikebladet/Vestposten 03.09.2013

Langt igjen Vikebladet/Vestposten 02.08.2013

Treng meir plass Vikebladet/Vestposten 01.08.2013

Soleklart at området skal brukast til oppdrett Sunnmørsposten 01.08.2013

Eit utenkjeleg overgrep Vikebladet/Vestposten 01.08.2013

Får rasert bumiljøet Sunnmørsposten 01.08.2013

Så stort blir oppdrettsanlegget i Brandal Vikebladet/Vestposten 18.07.2013

Fryktar for villaksen i Brandal Vikebladet/Vestposten 13.07.2013

Oppdrettslaks i Brandal Vikebladet/Vestposten 03.07.2013

SalMar i Finnmark

Havbunn ødelagt på bare fire måneder iFinnmark 24. november 2014

Alta-ordfører sier nei til mer lakseoppdrett VG 20.01.2014

Valid XHTML 1.0 Transitional