Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Tynner - bøkkerutstyr - krydder - kryddersild

Tynner

Tynner kan vi kjøpe her:

Fjærli Tønnefabrikk
6686 Valsøybotn.
Telefon 918 32785
Epost: tor.fjaerli@hotmail.com

Dei lagar heiltynner 120 L, halvtynner 60 L, fjerdingar/kvartingar 30 L og ottingar/åttingar 15 L.

Her ser vi tynner nokre medlemer i båtlaget har kjøpt og henta. Svært flotte tynner i alle storleikar.

Tynnemakar Tor Fjærli og sonen Torgeir ber tynnene ut i bilen vår.

Fjærli har vore på julemessa på Ishavsmuseet Aarvak i 2016, 2017 og 2019.

Hagevik Tøndefabrikk i Deknepollen er freda av Riksantikvaren.

Hagevik lagar heiltynner og halvtynner. Dei er på fjesbok.

Sverre Eidsvik skipshandel i Ålesund sel tynner produsert av Tre og Tønner i Holmefjord i Fusa.

Andre tynneprodusentar finn du her.


Bøkkerutstyr

Diksel, drivholt og botnabrekkar til å opne og late att tynner med kan kjøpast her:

Bergfjord O Smie og mek verksted
Postboks 94
4296 Åkrehamn
Telefon 977 20197

Vi kjenner ikkje til andre som lagar slikt utstyr.

Frå venstre: drivholt (banddrivar/bløy/dreve/sett), diksel og botnabrekkar frå Bergfjord O Smie.


Krydder til kryddersild

Kryddersats nr. 110 kan vi kjøpe hjå Gaute as i pakkar på 0,5 kg.

For bestillingar ring: 40 00 22 55, eller e-post til salg@gaute.no


Spekesild

Spekesild får vi når vi saltar sild med reint salt, og saltlaken er metta med salt. Konsistensen på spekesild er hard, men silda held seg svært lenge.

Dersom vi ynskjer sild med mjukare konsistens, må vi senke saltinnhaldet, og dette gjev matjesild. Då held silda seg ikkje så lenge som skarpsalta sild. Noko av saltet kan bytast ut med sukker. Dersom vi i tillegg let silda modne, dvs. fermentere, får silda ein mjuk konsistens. Dersom vi tilset krydder, får vi sukkersalta kryddersild.


Sukkersalta kryddersild

(Oppskrift frå Kryddo seinare Gaute as)

Lang røynsle har synt at når vi brukar 84 kg sild og 21 kg salt/sukkerblanding per heiltynne sild, får vi ei god vare. Blandinga skal vere 2 delar salt og 1 del sukker. Før vi legg ned silda, kappar vi av hovudet.

Vi brukar 1 kg kryddersats nr. 110 per heiltynne.

Framgangsmåte

Legg eit tynt lag salt/sukkerblanding i botnen og deretter sild, salt/sukkeblanding og kryddersats nr. 110 lagvis. Dette får stå ei veke til silda har laka seg. Etterpå fyller vi tynna heilt full med lake av vatn og salt/sukkerblanding. 1 kg salt/sukkerblanding + 4 liter vatn. Set silda kjøleg for modning i 2-3 månader.

Ingrediens Heiltynne 120 L Halvtynne 60 L Fjerding 30 L Åtting 15 L
Sild 84,000 kg 42,000 kg 21,000 kg 10,500 kg
Salt 14,000 kg 7,000 kg 3,500 kg 1,750 kg
Sukker 7,000 kg 3,500 kg 1,750 kg 0,875 kg
Kryddersats nr. 110 1,000 kg 0,500 kg 0,250 kg 0,125 kg

 

 

 

 

Salta fisk skal helst lagrast kjøleg ved 4-5°C. Fleire forsøk har vist at ein temperatur på 4-5°C er så uendeleg mykje betre for lagringa enn 10-12°C. Det skuldast at lagring ved 10-12°C berre seinkar bakterieutviklinga. Ved 4-5°C stoggar bakterieutviklinga på ein heilt annan måte.


Valid XHTML 1.0 Transitional