Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Straumsøyler

Båtlaget har kjøpt inn seks straumsøyler til nordre og fire straumsøyler til søndre flytebryggje. Kvar straumsøyle har fire kontakter med straummålar for kvar kontakt.

Det er LED-lys på toppen av kvar søyle. Dermed er der ganglys på bryggjene.

Her er lenkje til litt informasjon og bilete - på produsenten sine heimesider.

Alle kontaktene i straumsøylene er av typen rundstift 2x16+J, og Bjørn Kjellevold kan skaffe støpsel og godkjend kabel til dei som ynskjer det.

Kontaktene kan låsast med hengelås, og kvar eigar bør vurdere å låse si kontakt.

Kvar kontakt er sikra med kombiautomat Type A, 16Amp 30mA og har straummålar. Målararen står opp ned på alle søylene bortsett på søyle 4 på søndre bryggje.

For å kome til sikringane og straummålarane, må ein opne døra ved å trykkje inn den fjørbelasta trykknappen. Døra er ikkje låst.

Nordre hamn

Straumsøylene i nordre hamn er ferdig monterte og oppkopla.

Der er eit lite plastskilt med bryggjenummer på stikkontaktene.

Båtlaget disponerer kontakt nr. 25.

Søndre hamn

Straumsøylene vart ferdigkopla 19.8.2016.

Båtlaget disponerer kontakt nr. 8, 12 og 14.

Vatn til søndre flytebryggje vart ferdigmontert 18.8.2016.



Valid XHTML 1.0 Transitional