Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



VEDTEKTER FOR BRANDAL BÅTLAG

§1 FØREMÅL

Namnet på laget er Brandal Båtlag. Føremålet til laget er å arbeide for gode hamneforhold i Brandal, arbeide for å skaffe medlemmene båtplassar og naustplassar, arbeide for sunn og kontrollert båtsport og ta vare på medlemmene sine interesser på beste måte.

§2 MEDLEMSSKAP

Alle som bur i Brandal, kan verte medlem i laget. Folk som ikkje bur i Brandal, kan bli opptekne som medlemmer etter skriftleg søknad til styret. Medlemsskap gjeld frå den dagen kontingenten er betalt til laget. Den som skuldar kontingent for meir enn eitt år, vert stroken som medlem i laget dersom kontingenten ikkje er innbetalt seinast ein månad etter at skriftleg varsel er utsend av kasserar. Utmelding av laget skal skje skriftleg til kasserar.

§3 EKSKLUSJON

Styret i Brandal Båtlag kan ekskludere medlemmer i Brandal Båtlag som verkar til skade for laget, ikkje oppfyller vedtektene eller nektar å rette seg etter direktiv gitt av styret. Medlemmen skal varslast og få høve til å gje forklaring før vedtak vert fatta. Saka kan ankast inn for første årsmøte som kan omgjere styret sitt vedtak med 2/3 fleirtal.

§4 KONTINGENT

Ordinær kontingent skal vedtakast på årsmøtet og gjeld for eitt år om gongen. Det skal fastsetjast særskilt kontingent for Brandal Båtlag (medlemskontingent) og særskilt kontingent/avgift for flytebrygger, naustplassar etc.. Dersom det er naudsynt, kan årsmøtet vedta ekstraordinær kontingent/avgift for flytebryggene. Hamneavgift vert fastsett av Hareid kommune.

§5 STYRESAMANSETJING

Båtlaget skal leiast av eit styre med 5 medlemmer. Styret skal ha følgjande samansetjing: leiar, nestleiar, kasserar/skrivar og 2 styremedlemmer. Leiar skal veljast av årsmøtet for eitt år om gongen. Styret konstituerer seg sjølv. Årsmøtet vel dei andre styremedlemmene for 2 år om gongen, men slik at det vert val på 2 styremedlemmer kvart år. Ein kan nekte gjenval like mange år ein har vore styremedlem. Årsmøtet skal også velje 2 varamedlemmer til styret og revisor med suppleant. Dessutan skal det veljast valnemnd med 2 medlemmer. Funksjonstid 2 år. Ein medlem er på val kvart år.

§6 ÅRSMØTE

Styret kallar inn til årsmøte ein gong i året, helst innan utgangen av februar, med 14 dagars varsel. Årsmøtet skal handsame:
1. Årsmelding.
2. Rekneskap.
3. Kontingent.
4. Val av styre i samsvar med §5.
5. Eventuelle vedtektsendringar.
6. Andre aktuelle saker.

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal. Alle andre vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Årsmøtet er vedtaksført når minst 5 medlemmer er til stades.

§7 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte når det finn det naudsynt. Styret skal også kalle inn til ekstraordinært årsmøte når minst 10 medlemmer krev det.

§8 STYRET SITT ARBEID

Styret er ansvarleg for den vanlege drifta av laget. Det skal ta vare på medlemmene sine samla interesser på beste vis. Styret skal leggje fram årsmelding og revidert rekneskap for årsmøtet. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmer er til stades. Leiaren har dobbelstemme ved like stemmetal. Kasserar/skrivar er ansvarleg for at økonomien i laget vert driven etter dei retningslinene som vert dregne opp av vedtekter, årsmøtevedtak og styrevedtak. Alle inn- og utbetalingar skal gå over bank/postgirokonto. Kasserar/skrivar er ansvarleg for den daglege føringa av medlemslister og oversikt over bryggjeplassar med storleik og eigar.

§9 FLYTEBRYGGJER

Brandal Båtlag har eigne vedtekter for flytebryggjer.

§10 OPPLØYSING

Dersom Brandal Båtlag skal oppløysast, må minst 2/3 av laget sine medlemmer stemme for vedtaket. Laget sine aktiva skal realiserast til beste for eit veldedig føremål.
(Sist endra i 2002)


Valid XHTML 1.0 Transitional