Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



VEDTEKTER FOR FLYTEBRYGGJER BRANDAL BÅTLAG

§1 Berre Brandal Båtlag og medlemmer av Brandal Båtlag kan eige båtplass i flytebryggje i Brandal hamn, og desse har også fortrinnsrett til leige av båtplass. Alle søknader om kjøp eller leige av båtplass skal sendast skriftleg til styret i båtlaget. Styret tildeler båtplass etter rekkjefølgje på eventuell venteliste. Styret kan leige ut eller gi løyve til utleige av båtplass til ikkje-medlemmer.

§2 Eigar av båtplass kan ikkje avhende, leige ut, eller låne bort båtplassen sin utan løyve frå styret. Oppseiing av båtplass skal skje skriftleg til styret, og Brandal Båtlag har forkjøpsrett. Unntak frå forkjøpsretten er sal til nære familiemedlemmer (foreldre/born) eller medlemmer i same husstand. Prisen vert fastsett av styret i kvart tilfelle slik at ingen skal kunne spekulere med tanke på forteneste. Prisen skal vere så nær sjølvkost som råd.

§3 Båtplasseigar utan båt kan verte pålagd å selje plassen sin til Brandal Båtlag eller medlem på venteliste dersom det er sterke grunnar til det.

§4 Kjøpesummen skal betalast etter frist gitt av styret og må vere betalt før båten vert lagd i plassen. Ved manglande betaling av båtplass, kontingent eller andre avgifter etter 2. gongs varsel frå kasserar, kan styret vedta at båten vert utestengd frå flytebryggjene til kravet er betalt. Ved eksklusjon kan båtlaget løyse inn båtplassen dersom det ynskjer det. Det same gjeld for den som ikkje rettar seg etter påbod frå styret om vedlikehald, fortøying og orden.

§5 Alle båtar i plassar med utliggarar, skal vere forsvarleg fortøydd med minst 4 fortøyingar, der dei 2 fortøyingane nærast flytebryggja skal vere utstyrt med demparar. Styret kan påleggje at det i tillegg vert lagd ut separat akterfortøying for større båtar. Tome bryggjer skal sikrast med tau.

§6 Eigar/brukar av flytebryggje må følgje dei reglar som gjeld for flytebryggjene og hamna. Alle må rette seg etter påbod frå styret. Kvar einskild medlem har ansvaret for vedlikehaldet av sin eigen del av utliggarar og fortøyingar. Den delen av bryggja som er felles, gangbru og hovudfortøyingar med feste, skal vedlikehaldast av båtlaget. Styret er ansvarleg for at dette vert forsvarleg gjort.

§7 Inn- og utkøyring frå hamna skal gå føre seg med sakte fart slik at båtar og fortøyingar ikkje vert skada. Vedkomande båteigar er ansvarleg for all skade han gjer ved brot på køyrereglane. Køyring med propell under trekk må ikkje gå føre seg medan båten er fortøydd i flytebryggja. Ytterenden av flytebryggjene med utliggarar skal vere for allmenn bruk og skal difor ikkje brukast som fast fortøyingsplass utan etter løyve frå styret.

§8 Det er forbode å kaste avfall, tøme olje eller andre ting i hamna . Lause ting skal ikkje leggjast på bryggjene. Båten må ikkje forlatast før alt er i forsvarleg orden og fortøyingane er sikra.

§9 Brot på vedtektene kan føre til bortvising frå flytebryggjene for kortare/lengre tid, eller for alltid.

§10 Brandal Båtlag har ikkje ansvar for skade på båtplass, båtar eller utstyr.

§11 Styret kan velje oppsynsmenn til flytebryggjene dersom det finn det naudsynt.

§12 Det er styret i båtlaget som avgjer korleis båtplassane skal fordelast i flytebryggjene. Styret avgjer også kor store båtar som kan tillatast plassert i ein båtplass.
(Ikkje endra etter mars 2002.)


Valid XHTML 1.0 Transitional