Styret
• Leiar Peter Andreas BrandalDet er halde fire styremøte i 2018.
Omlegging av skifertaket
16.03.2018 gjorde Kulturminnefondet følgjande vedtak:
"Brandal grendehus gis tilsagn om tilskudd inntil kr 573 000 til prosjektet Brandal grendehus, skifertak."
Arbeidet er i gong, og omlegginga av skiferen mot sør inklusive arka vart ferdig i 2018. Arbeidet vil halde fram i 2019 med frist 31.12.2019.
Villmarkskveld Svalbard Alaska
Den 5. oktober 2018 vart det arrangert villmarkskveld med Elida Langstein og Torill Berge. Etterpå var det middag med hjortemòr. Det var god oppslutning.
Utleige/utlån
Grendehuset har vore leigd ut til fire konfirmasjonar, fire barnedåpar, eitt 70-årslag, tre barnebursdagar, tre julebord/juleselskap, eitt bryllaup og eitt årsmøte i Hareid Småbåtlag. Brandalskoret har lånt huset to helgar i tillegg til faste øvingar kvar tysdag der dei betalte for straum. Dessutan leigde koret huset ei helg til songarstemne. Saniteten leigde huset til julegrantenning. Brandal Velforeining leigde huset i samband med jonsok og Brandalsdagane.
Økonomi
Sparebanken Møre tildelte i november 2018 kr 40 000 i TEFT-midlar. Drifta har hatt eit underskot på kr 201.382,52. Beholdning per 31.12.2018 er kr 176.392,07.
Det store underskotet skuldast arbeidet med skifertaket.
Brandal, 2. april 2019
For styret
Peter Andreas Brandal
- leiar -