Brandal grendehus

Besøksadresse: Almestadbakken 13, 6062 Brandal

Organisasjonsnummer: 912 365 514

Bankkontonummer: 4093.30.07970 Vipps #94356

Brandal grendehus på fjesbok

 

 



Syn at du støttar drifta av Brandal grendehus

For å drifte grendehuset treng vi faste inntekter.

Logg deg inn i nettbanken din i dag og legg inn fast trekk per månad på til dømes kr 100 til bankkonto 4093 30 07970

Mange bekkar små vert ei stor å!


Utleige

Grendehuset har eit velutstyrt kjøkken med bysse og oppvaskmaskin. Det kan difor brukast til bryllaup, konfirmasjon, dåp, åremålsdagar og alle typer festdagar med eller utan matservering. I 1. etasje er der festsal med scene, piano og orgel. I andre etasje er der kjøkken og to rom med skyvedør mellom. Det er rullestolrampe frå parkeringsplassen til inngangsdøra og rullestolheis mellom første og andre etasje. Leigesatsane finn du her. Det er ikkje alkoholforbod for slutta lag.

All utleige kan avtalast med Marita Brandal Almli - mobil 916 95186


Vass-skade

22. desember 2022 vart det oppdaga at det strøymde inn vatn på kjøkkenet i 2. etasje - truleg grunna frostsprenging av rør. Vatnet strøymde ned i etasjeskillet og vidare ned i gangen i 1. etasje.

Skaden er taksert til rundt kr 500 000.

Arbeidet med å setje huset i stand att har vore omfattande men er no ferdig (8. mai 2023). Grendehuset har såleis vore ute av drift i over fire månader. Planlagd bygdefest i februar og matsal 1. mai måtte difor avlysast, og all bruk har vore umogleg.

Det er lagt nytt golvbelegg på kjøkkenet, gangen frå kjøkkenet og ned trappa og gangen nede. Veggar og tak i gangen nede er nyoppussa. Det same er veggane i trappeoppgangen. Trappa opp til 2. etasje har blitt nesten knirkefri og har blitt mykje finare. Trappeheisa måtte takast ned, men ho er no montert på nytt.


Utskifting av vindauge

Årsmøtet i Brandal grendehus onsdag 9. mars 2022 vedtok samrøystes å skifte ut 15 vindauge på grendehuset.

Prosjektet var kalkulert til kr 891 000 men enda på kr 918 590 grunna prisstigning. Kulturminnefondet ga tilsagn på inntil kr 450 000 der kr 400 000 vart utbetalt i 2022 og kr 50 000 i 2023. Vidare fekk vi stønad på kr 100 000 frå Sparebank 1, kr 50 000 frå Brakali Group, kr 10 000 frå Intership AS og kr 11 079 frå private gjevarar i 2022. I 2023 fekk vi kr 50 000 frå Intership AS.

Arbeidet vart utført av HS Rise Bygg og vart ferdig i løpet av hausten 2022.

Kulturminnefondet godkjende sluttrapporten.


Omlegging av skifertak

16.03.2018 gjorde Kulturminnefondet følgjande vedtak:

"Brandal grendehus gis tilsagn om tilskudd inntil kr 573 000 til prosjektet Brandal grendehus,
skifertak.
"

Kulturminnefondet si vurdering av prosjektet:

"Den tidligere skolebygningen som i dag fungerer som forsamlingslokale har både stor bruksverdi og
kulturminneverdi. Bygningen er en stor og påkostet bygning sett i sammenheng med størrelsen på
stedet og opprinnelig funksjon. Brandal gamle skole er beskrevet i Hareid kommune sin
kulturminneplan. Taket har lekkasjer spesielt på sørsiden ved arker som har ført til råteskader i både
bjelker og tro. For å sikre seg mot framtidige skader og få et best mulig varig resultat vil det være
riktig å legge om hele skifertaket og samtidig utbedre skadene i takkonstruksjon og taktro. På
bakgrunn av viktigheten av å opprettholde skifer som taktekking, merkostnadene dette gir og
bygningens funksjon som forsamlingslokale som kommer allmennheten til gode, anbefales
søknaden innvilget med omsøkt beløp."

Dette er eit svært viktig vedtak for heile bygda. Det er ein stor inspirasjon i arbeidet vårt med å sikre drifta av bygget.

Kulturminnefondet dekkjer 70% av totalkostnadene - resten må vi finansiere på anna vis.

Sparebanken Møre tildelte i november 2018 kr 40 000 i TEFT-midlar til Brandal grendehus.

Arbeidet med taket vart ferdig i september 2019!

Her er nokre bilete frå omlegginga.

Godkjend sluttrapport

Kulturminnefondet har godkjend sluttrapporten i e-post med vedlegg 12.2.2020.

Totalt har såleis Kulturminnefondet utbetalt kr 573 000 til prosjektet.


Brandal skule

Planlegginga av bygget tok til i 1917 og skulen vart innvigd 28. juni 1919 med stor festivitas og laksemiddag for heile krinsen. Her var skule fram til 1968 då den nye skulen vart opna. Skulen vart i heile denne perioden også brukt som samlingshus for krinsen. Alle festar og 17. maifeiringar vart haldne her.


Brandal bedehus

Brandal krins kjøpte bygget for å bruke det til bedehus. Ombyggingsarbeidet starta i 1969, og vigslefesten vart halden 18. april 1971.

Vigsletalen vart halden av stortingsmann Ola Gjengedal.

Sjå skøytet her.


Brandal bedehus/grendahus

I 2011 vart vedtektene for bygget endra slik at huset vart kombinert bedehus og grendehus. Namnet vart endra til Brandal bedehus/grendahus.


Utleige til Brandal Friskule

Våren/sommaren 2011 gjekk kommunestyret i Hareid til åtak på Brandal Friskule ved å nekte friskulen å leige skulebygget lenger. I tillegg vedtok dei å selje skulen og skuleområdet.

Det kommunestyret ikkje rekna med, skjedde rimeleg kjapt. Friskulelaget inngjekk ein leigeavtale med bedehuset/grendehuset, og bygdefolket i Brandal sette i gong ein imponerande dugnad sommaren 2011. På rekordtid vart bygget oppgradert slik at det kunne stette krava til skulebruk. Friskulen tok så bygget i bruk hausten 2011.

I juni 2016 kjøpte Brandal Friskule skulebygget i Brandal og sa opp leigeavtalen. Friskulen leigde grendehuset ut oktober 2016.


Brandal grendehus

På årsmøtet 27. juni 2016 vart vedtektene endra, og eigedommen heiter no Brandal grendehus - sjå dei nye vedtektene.

Brandal Friskule flytta ut av bygget i august 2016. Bygget er difor attende i funksjon som grendehus.


Vis kart

Valid XHTML 1.0 Transitional