Grendehuset leiger ut lokale til bryllaup, konfirmasjon, dåp, åremålsdagar og alle typer møte og festar med eller utan matservering.
Det er rullestolrampe frå parkeringsplassen og til inngangsdøra og rullestolheis mellom første og andre etasje.
Det er ikkje alkoholforbod for slutta lag.
1 | Festsalen i 1. etasje per døgn | kr. 1000 |
2 | Salane i 2. etasje per døgn | kr. 1000 |
3 | Kjøkken per døgn | kr. 500 |
4 | Vask kjem i tillegg til leigesatsane | kr. 500 |
5 | Leige under 4 timar | halv pris |
6 | Års-/medlems-/styremøte for organisasjonar i Brandal | gratis |
7 | Organisasjonar med regelmessige møte/øvingar | etter avtale |
8 | Inntekter frå tilstellingar | 15% av brutto minus loddbøker |
Rydding skal utførast av leigetakaren. Bortkomne og/eller knuste/skada ting skal erstattast av leigetakaren.
All utleige skal avtalast med Gunn Bente Drevland - mobil 950 75138
Grendehuset har eit velutstyrt kjøkken med bysse, hetteoppvaskmaskin, kjøleskap, pølsekokar og kaffitrakterar. Der er middagservise og kaffiservise og alt som trengst av kjøkkenutstyr. Dessutan er det god benke- og hylleplass på det tidlegare lærarrommet. Der er det også eit nytt kjøleskap med plass til 5 store kaker.
I første etasje er der festsal med scene, piano og orgel.
I andre etasje er der to salar med skyvedør mellom.