Brandal grendehus

Besøksadresse: Almestadbakken 13, 6062 Brandal

Organisasjonsnummer: 912 365 514

Bankkontonummer: 4093.30.07970 Vipps #94356

Brandal grendehus på fjesbok

 

 

 

Økonomiskriv til grendehuseigarane

Styret sende ut følgjande skriv til alle i Brandal 4. april 2019:

Kjære medeigar i Brandal grendehus

Brandal krins er eigar av Brandal grendehus. Det tyder at alle som bur i Brandal, er medeigar i bygget, og det er vi huseigarane som har ansvaret for å drifte og halde bygget vedlike. I praksis vert dette utført av grendehusstyret som vert valt på årsmøtet kvart år.

I samband med utleiga til friskulen vart bygget oppgradert for ca. kr 2 millionar, og vi hadde gode leigeinntekter. Så synte det seg at vi hadde taklekkasjar som gjorde at vi måtte legge om skifertaket. Dette arbeidet er i gong og gjev oss store kostnader sjølv om vi fekk inntil kr 573.000 i stønad frå Kulturminnefondet – dei dekkjer 67% av kostnadsoverslaget vårt. Dei resterande 37% må vi dekkje sjølve. Dette er budsjettert til kr 245.533, og dermed vert kassa nesten tømt.

I samband med arbeidet på taket, vart det avdekka skader i murpussen på sørveggen slik at det kjem inn vatn bak pussen og sprengjer laus murpuss. Dette må utbetrast og gjev nye utgifter

Sist men ikkje minst er vindauga dårlege, og noko må gjerast innan ikkje alt for lenge.

Forsikring, straum og kommunale utgifter var i 2018 på kr 67.197 medan leigeinntektene var kr 27.927 – altså ca kr 40.000 mindre enn det som trengst for å drifte bygget utan vedlikehald.

Før gjekk styret i bedehuset rundt på bygda og ba folket om støtte, og det vart notert i ei bok kor mykje ein forplikta seg til å gje.

Etter årsmøtet vart det snakka litt om dette, og alle var samde om å sende ut skriv til huseigarane og be om støtte. Alle banktenester vert no gjorde via internett, og det er svært enkelt å leggje inn faste trekk til dømes kvar månad.

Vi vil difor oppmode deg som huseigar om å legge inn eit fast trekk kvar månad til Brandal grendehus til drifta av det staselege bygget du er medeigar i.

Vi vonar at så mange som mogleg er viljuge til å vere med på ei slik ordning, og dette vil vere ei stor oppmuntring for oss om sit i styret, og har ansvaret for å halde huset i god stand.

Vi vil difor be deg om eit månadleg trekk på til dømes kr 100 til Brandal grendehus sin bankkonto 4093.30.07970.

Vi tek naturlegvis også mot einskildinnbetalingar med glede.

Ordn dette i nettbanken din i dag!

I år vil vi ta opp att tradisjonen med kakesal 1. mai, og det vil verte 100-årsfest med hjortegryte og kulturelt program 31.8.2019 i samband med Brandalsdagane.

Med helsing styret i Brandal grendehus 2019

Peter Andreas Brandal
Gunn Bente Drevland
Therese Leine
Oddlaug Marie Brandal
Sigurd Eliassen