Brandal grendehus

Besøksadresse: Almestadbakken 13, 6062 Brandal

Organisasjonsnummer: 912 365 514

Bankkontonummer: 4093.30.07970 Vipps #94356

Brandal grendehus på fjesbok

 


Oppgradering av hus og uteområde 2011

På denne sida vil vi ved hjelp av bilete dokumentere det omfattande arbeidet som vart gjort både på uteområdet, uthuset og på sjølve bygget sumaren 2011.

For å kunne få bygget godkjent som skule, måtte mellom anna krava til branntryggleik stettast. Dermed måtte alle dører skiftast ut. Vidare måtte det leggast gips i alle himlingar og på veggane i rømingsvegane. Etterpå måtte det sparklast, slipast og malast. I alt var 64 ulike personar på dugnad.

Utskifting av alt det tekniske i sikringsskapet, montering av lys og varmepumper vart naturlegvis gjort av profesjonelle. Det same med rørleggararbeidet. Graving og støyping ute vart også utført av profesjonelle.

Bileta er lagde ut i den rekkjefølgja dei vart tekne, og hovudvekta er å syne arbeidet som vart gjort. Diverre var vi ikkje flinke nok til å ta bilete av heile prosessen, difor er det t.d. ikkje bilete frå gipsinga og malinga av tak og veggar i 2. etasje.

Verdien av investeringar og dugnadsarbeid er etter vår vurdering om lag 2 millionar kroner.

I alt har vi lagt ut ca. 290 bilete på denne sida. Fotograf er Sigurd Eliassen.

Valid XHTML 1.0 Transitional