Brandal grendehus

Besøksadresse: Almestadbakken 13, 6062 Brandal

Organisasjonsnummer: 912 365 514

Bankkontonummer: 4093.30.07970 Vipps #94356

Brandal grendehus på fjesbok

 

 

Referat frå årsmøtet i Brandal bedehus 27. februar 2011

Følgjande var til stades på årsmøtet:
Anne Sofie Brandal, Annika Brandal, Hagny Brandal, Jens Peder Brandal, Kåre Brandal, Stian Brandal, Dag Audun Eliassen, Sigurd Eliassen, Rannveig Frøysa, Margaret Hennum, Tone Skorgenes, Gail Tennfjord, Jens Terje Tennfjord, Heidi Wingsternes

Styreleiar Kåre Brandal opna møtet. Sigurd Eliassen vart vald til ordstyrar. Tone Skorgenes vart vald til referent. Ingen hadde merknader til innkallinga eller til saklista.

Årsmelding 2010
Kåre P. Brandal las opp årsmeldinga. Årsmeldinga vart godkjend, men det vart peika på at eit årstal i årsmeldinga var feil og må endrast.

Rekneskap 2010
Kasserar Margaret Hennum la fram den reviderte rekneskapen. Rekneskapen vart godkjend, men  det vart også her peika på eit årstal som var feil og som må endrast.

Val
Styret sitt framlegg til val:

Styremedlemer                                                                                
Jens Peder Brandal for 2 år                          
Kåre Brandal, ikkje på val                           
Margaret Hennum for 2 år                           
Bjørn Kjellevold for 2 år                             
Vendel Snipsøyr for 1 år

Varamedlemer 
1. Anne Sofie Brandal for 1 år
2. Tone Skorgenes for 1 år
3. Jens Terje Tennfjord for 1 år

Revisor
Johan Peder Brandal                             

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Vedtektsendring
Styret sitt framlegg til nye vedtekter vart samrøystes vedteke.

Tone Skorgenes                     Annika Brandal                      Stian Brandal
Referent 

 

Her er underskrive referat som pdf.

Valid XHTML 1.0 Transitional