Deutsch English
Database for Kleine Münsterländer

Frøya N08676/01 på Brandalsfjella, Brandal, Møre og Romsdal. Frøya gjekk til dei evige jaktmarker 26. sep 2016.

 

Ny kvalp er Munsterhusets Essie SE37115/2017 etter DKJCH MARKPR Nesko vom Heeker Eichengrund DK04215/2009, godkjend avlshanne i Danmark og SEJCH SEUCH C.I.B. DKUCH Munsterhusets Tikka SE38235/2011, godkjend avlstispe i Sverige.





Her er ein database med ca. 32.150 Kleine Münsterländer. I databasen er alle hundane i Danmark, Sverige, Noreg og Finland. Dessutan fleire tusen frå Tyskland. Du vil også finne nokre amerikanske, austerrikske, nederlandske, sveitsiske, polske og tsjekkiske hundar. Databasen er oppdatert 20. august 2018.

Sidan alle dei nordiske hundane er samla i ein database, ser ein slektskapet mellom hundane på ein langt meir utfyllande måte enn i databasane til dei einskilde landa.

Det er lagt ned mykje arbeid på å følgje dei skandinaviske hundane attende til anane i Tyskland. Dei fleste hundane kan sporast attende til ca. 1970 - og mange tilbake til ca. 1900.

Hundane er sorterte etter registreringsnummer. Registreringsnummera startar med N og NO for Noreg, S og SE for Sverige, DK for Danmark, SF og FIN for Finland osb. Dei tyske startar med ZBKLM - (ZuchtBuchKLeineMünsterländer). Av programtekniske grunnar i databaseprogrammet må eg bruke \ i staden for / i registreringsnummera.

I denne versjonen av databasen vil du sjå hundane samla i "familiegrupper" og ikkje som slektstre.

Når ein lagar ein database over så mange hundar, er det uråd at han vert feilfri. Difor vil eg vere glad for å få melding om eventuelle feil .

Opplysningar om eigarar vil du finne under merknader - for dei hundane der dette er kjent.

For litt over 200 hundar er det innlagt bilete. Eg tek gjerne mot bilete eller andre opplysningar om fleire hundar.


På biletet under er Frøya med på harejakt i Nonsberget i Brandal.

Slektstre

Databasen er også lagd ut som slektstre. Her kan ein søkje på førenamn eller på registreringsnummer - eller begge deler. Vi kan velje mellom ulike språk. Programmet er laga for vanleg slektsgransking, og eg har ikkje høve til å endre på språket. Derfor står det t.d. ekteskap i staden for tal på kull.

Klikk på knappen med treet på for å kome inn i denne versjonen av databasen. Oppdatert 21. august 2018.

Fleire nettlesarar vil ikkje opne applikasjonen på grunn av Javatryggleik.

Hjå meg fungerer berre Internet Explorer 11 og Firefox 32.

Kleine Münsterländer i Norden
Slektstre Kleine Münsterländer

Det vil ta litt tid å laste ned databasen - men til gjengjeld er navigasjonen i slektstreet lynrask etterpå.

Lekkjer til frie databasar:

Dansk database - Dansk Münsterländer Klub
Finsk database - Suomen Kennelliitto. Kan velje engelsk, finsk eller svensk som språk
Finsk Vorstehhundklubb sin database - finsk språk
Norsk database - DogWeb Norsk Kennel Klub
Svensk database - Svenska Kennelklubben
Tysk database - Verband für Kleine Münsterländer Vorstehhunde e.V
Tast inn det tyske registreringsnummeret i adresselinja i nettlesaren etter "drucken.prg?AT="

Her kan du laste ned ei oversikt over alle tyske hundar frå og med 1990.


Bøker

Eggerts, Hans. Der Kleine Münsterländer Vorstehhund. Zuchtgeschichtliches in Bild und Wort 1912-1945. (München).
Eggerts, Hans. Der Kleine Münsterländer Vorstehhund. Pflege-Abrichtung-Zucht. (Verlag Eggerts-Sedlaczek 2003). 8. Auflag.
Raunkjær, Kristian. Kleiner Münsterländer. (Aschehoug - København 1983).
Schröder, Emmo. Der Kleine Münsterländer. (Kosmos. 3 auflage 2000).


Lekkjer til Kleine Münsterländersider


Databasen er laga av Sigurd Eliassen, 6062 Brandal.
Startsida er oppdatert 21. august 2018

Valid XHTML 1.0 Transitional