Brandal Båtlag

Organisasjonsnummer: 912 365 549 - Bank: 0530 21 80255

 



Utleige av to kommunale naust i Brandal sentrum

Brandal Velforeining søkte i 2012 om å få leige to vekkregulerte naust i Brandal fiskerihamn. Etter 4 år kom saka opp i formannskapet den 18.04 2016 i sak PS45/16.

Formannskapet gjorde slikt vedtak:

“Formannskapet gjev rådmannen mynde til å inngå og signere avtale med Brandal Vel om
leige av nausta for kroner 0.
Når ein har slått fast framtidig arealbruk i pågåande planprosessar, vert det for
Formannskapet å få saka attende til ny handsaming og fatte endeleg avgjerd for nausta si
framtid.”

Dette førde til ein del uro mellom nokre få private interessentar. Det vart sendt inn klage, brev og spørsmål utan at nokon hadde formell klagerett. Dette førde til at saka vart teken opp att i formannskapet 09.05 2016 i sak PS62/16.

Brandal Velforeining, Brandal Båtlag, Brandal Idrettslag og Hareid og Ulstein Fiskarlag sende inn fellesbrev i forkant av møtet.

Tilråding frå rådmannen:

"Formannskapet gjer om inkje vedtak PS 45/16.

Formannskapet gjev rådmannen mynde til å seie opp avtalen med Gunnar Drevland (Gunnar Drevland sin stad) og Roger Brandal på same vilkår som for Oddvar Djupvik og H.P.Brandal. Dersom nausta, jamfør avtalane, framleis er i god stand, får rådmannen mynde til å tilby ny avtale til desse aktørane fram til nytt reguleringsføremål ligg føre.
Nye avtalar vert basert på tidlegare avtalar, og det skal leggast til grunn slikt vederlag:
- Oddvar Djupvik: Kr. 5.000,- pr. år.
- H.P.Brandal kr. 5.000,- pr. år.
- Gunnar Drevland sin stad kr. 5.000,- pr. år.
- Roger Brandal Kr. 3.000,- pr. år.
Formannskapet gjev rådmannen mynde til å betale ut vederlag for naust til Roger Brandal, jamfør avtale.
For dei naust / leigetakarar som ikkje aksepterer vilkåra, gjev formannskapet rådmannen mynde til å lyse dei ut for utleige, primært til næringsdrivande, sekundært til private.

Når ein har slått fast framtidig arealbruk i pågåande planprosessar, vert det for Formannskapet å få saka attende til ny handsaming og fatte endeleg avgjerd for nausta si framtid."

Folkelista ved Kristian Fuglseth sette fram følgjane framlegg til vedtak:

"Vedtaket i sak PS 45/16 vert halde ved lag."

Framlegga vart sette opp mot kvarandre og rådmannen sitt vedtak fekk 3 røyster (Anders Riise, Truls Håbakk og Jeanette Teigene) medan 4 røysta mot (Kristian Fuglseth, Ranja Dimmen Alme, Stian Runne Brandal og Jenny Helen Korsnes).

Det som overraska tilhøyrarane, var at rådmannen ved Kai-Rune Bjørke kjempa som ei løve mot framlegget frå Fuglseth. Svært uvanleg at byråkratar syner slik prestisje i ei politisk sak.

Etter møtet var Bjørke opprørd over at Fuglseth ikkje tok omsyn til søknaden frå Johan Peter Brandal i framlegget sitt. Noko som er underleg kritikk sidan heller ikkje Bjørke tok omsyn til denne søknaden i framlegget frå rådmannen!

Konklusjonen er såleis at Brandal Velforeining får disponere dei to kommunale nausta midt i Brandal sentrum til beste for fellesskapet.

 


Naustregulering og kommunal innløysing

Det er regulert inn nausttomter i området sør for det som tidlegare var Martin Karlsen A/S. Der er to naust frå før. Det eine vart sett opp av Karsten Kirkebø og det andre av Jan Blomli.

Gjeldande reguleringsplan finn du på denne lenkja. Du må velje kommune i menyen oppe til venstre og deretter Reguleringsplaner for gjeldande område.

Brandal Båtlag fekk brev frå Hareid kommune 17. februar 1999 vedkomande interesse for naust i det regulerte naustområdet sør for Martin Karlsen A/S med tanke på kommunal innløysing.

Båtlaget ba om tilbakemelding på årsmøtet like etterpå, men vi fekk liten respons. Difor skreiv vi brev til alle husstandar i Brandal 17. juni 1999. Då vart det endeleg fart på interessentane.

Den 16. august 1999 sende Brandal Båtlag brev til Hareid kommune med namn på 12 interessentar. Etter at brevet var sendt, melde også Kjell Arne Skarshaug interesse.

Ordførar Einar Holm sende så brev 2. september 1999 med melding om at han ville ta kontakt med grunneigarane.

Saka kom opp i Hareid formannskap 24. november 1999 og det vart gjørt følgjande vedtak:

"Utifrå den økonomiske og kapasitetsmessige situasjonen ein har i Hareid kommune vedtek formannskapet at det frå kommunen si side ikkje kan arbeidast vidare med saka om eventuell kommunal innløysing av regulert naustområde sør for anlegget til Martin Karlsen A/S i Brandal no.

Saka vert etter dette lagd vekk frå kommunen si side i denne omgang."

Leiaren i Brandal Båtlag var i kontakt med grunneigar Johan Skarbakk med tanke på privat innløysing, men han var ikkje interessert i anna enn kommunal innløysing. Dermed har det ikkje vore arbeidd meir med denne saka etter 1999.


Valid XHTML 1.0 Transitional